Claus_og_Atle_Foto:Nh Avis

TERRENGET ER FRAMTIDA:Trenden viser at byane er i ferd med å ta over dei tradisjonelle løpsarrangementa som går på asfalt, medan distrikta vert vinnarane i naturløypene, seier Claus Sellevoll(t.v) og Atle Austrheim i Nordhordland Skiklubb.   Foto: Endre Hopland, Nh Avis

– Målsetjinga vår er å gjera Knarvik Xtrem til det største enkeltløpet i Nordhordland, seier Vidar Aasgård og får tommelen opp av lagkamerat Claus Sellevoll i Nordhordland Skiklubb. Slike visjonar fell heilt klart i smak hjå sponsorane, for no har skiklubben fått inn 50 000 kroner i frisk kapital frå verksemder i det lokale næringslivet i Nordhordland.

Sparebanken Vest vert med på laget

– I dag fekk me ein fantastisk hyggeleg telefon frå Sparebanken Vest om at dei har stor tru på Nordhordland Skiklubb, og at dei difor ynskjer å gi oss ei gåve på 30 000 kr til oppbygginga av terreng -og skogsløpet Knarvik Xtrem, seier Vidar Aasgård.

– Det er veldig kjekt å kunne meddela Nordhordland Skiklubb denne gåva. Dei er så engasjerte og flinke pådrivarar og det er noko me likar å verdsetja, seier marknadskonsulent Janne Havneraas i Sparebanken Vest .

Xtrem rekord

I fjor vart det sett ny deltakarrekord i Knarvik Xtrem. I alt 235 personar fann vegen til Knarvik og fullførte løpet med Stoltzekongen Thorbjørn Ludvigsen som suveren vinnar på ny løyperekord.

– Det var eit fantastisk arrangement. Eg sprang med eit smil om munnen. Ei kjempebra løype, seier Thorbjørn Ludvigsen som også i år vert å sjå på startstreken saman med fleire store idrettsnamn.

– Ja, det er mange store namn som alt har takka ja til å delta i årets utgåve av Knarvik Xtrem. Fjorårets suksess har gitt ny kveik både hjå deltakarar og arrangøren. Traséen som er både utfordrande og attraktiv for både unge og vaksne, vert brukt dagleg av folket i Nordhordland. Det var spesielt gledeleg å sjå at det var så stor auke i barne- og ungdomsklassane i fjor, som er den viktigaste målgruppa for all aktivitet som vert skapt i Nordhordland Skiklubb.

Men burde ikkje Knarvik Xtrem vore eit laurdag eller sundagsarrangement?

– Det har vore diskutert, men me ynskjer å ha dei beste til start. Dei løpsprofilane som skiklubben har vore i kontakt med har gitt tilbakemeldingar på at onsdag er ein bra dag. Me risikerer at dei prioriterar vekk Knarvik Xtrem til fordel for andre større løpsarrangement om me plutseleg endrar xtrem-løpet frå å vera eit konkurransedyktig midtvekearrangement til eit konkurranseutsett helgearrangement, seier Vidar Aasgård.

Nordhordland Skiklubb arrangerer Knarvik Xtrem i samarbeid med AKS-77 den 20. august i haust.

LES OGSÅ: Nordmenn løper som aldri før

LES OGSÅ: Nh avis

LES OGSÅ: Strilen