Heile 164 deltakarar stilte til start i Nordhordlandmeisterskapen på ski laurdag, og 27 lag og 81 startande gjekk «skiskyttar»-stafetten. søndag . Nordhordland Skiklubb takkar alle samarbeidspartnarane våre og dei frivillige for innsatsen under årets meisterskap – og ikkje minst alle dei blide deltakarane som bidro til å gjera dette til ein fest for skifolket i regionen !

Resultat laurdag

Resultat sundag

Les Strilen

Nordhordland side 22 og 23 og side 23

Strilen torsdag -s22-s23

Dersom du var deltaker eller av annen grunn var tilstede, er vi veldig interessert i å høre hva du synes om arrangementet: SPØRREUNDERSØKELSE

Etter en strålende dag, badet i sol og blide deltakere (arrangører, foreldre, smørere, og andre som var i nærheten), gjorde denne første dagen i det aller første Nordhordland Meisterskapen til et flott arrangement! Og ikke minst, husk at det er staffeter i morgen! Start kl 12.00. Vel møtt til en like strålende dag i morgen også!

Resultatene er her:

Resultater lørdag

Online påmelding

Programblad

Startlister

Varmegrader, sterke vindkast og piskande regn gjorde at tilhøva under Lindåsmeisterskapen på ski ikkje var heilt optimale. Men ein stor jobb var lagt ned på førehand og det sikra dei omlag 150 frammøtte deltakararne gode løyper og ei triveleg skihelg i Dyrkolbotn både laurdag og søndag. Planen var å gå skirenna i Dyrkolbotn, men grunna mildvér vart begge renna flytta ned til løypeanlegget på Gamlesætra. Begge dagar var tilhøva der gode og arrangøren kunne tilby brukbare løyper. Nokre løparar kommenterte riktignok at det var litt for blautt for stavtaka, medan andre tykte det var vel bratte motbakkar og unnarenn i «sukkersnøen», men elles fekk løypetrasèen rosande omtale.

Under sjølve renna var ikkje véret så ille. Dei fleste deltakarane tydde til raudt eller universal klister, men for mange såg ikkje det ut til å dempe farten i løypene. Ein av dei mest spennande duellane kom i 13-årsklassen. Knut Eirik Kolstad, Radøy/Manger og Jonas Dalland frå Nh Sykkelklubb fulgte kvarandre som skuggar under 3 kilometeren, men Jonas som starta halvminuttet bak Knut Eirik, gjekk til sist over målstreken 8 sekund føre Knut Eirik og vart lindåsmeister i gutar 13 år.

Også «skiskyttar»-stafetten søndag viste seg å vere eit smart trekk og det blei mange spennande oppgjer til stor jubel frå både deltakarar og publikum. I alt tolv lag stilte til start i stafetten som inneheld snøballkasting på blink, langrenn i 500 meter samt hopp og slalåm. Speidargjengen frå Alversund sytte for kakaoservering til alle medan politiapa frå Vennebyen delte ut flotte pokalar til deltakarane.

Det overordna målet for Nordhordland Skiklubb var som kjend å leggja til rette for eit fint arrangement og ei minneverdig helg der det sosiale og medmenneskelege skulle vere minst like viktig som kappestriden i løypene. Fleire av deltakarane uttrykte at dei opplevde dette både under det sportslege arrangementet og rundt dei veldekte borda på Leirskulen i Dyrkolbotn. Nordhordland Skiklubb kjem til arbeide for at desse verdiane vert ivareteken når ein skal utvikla arrangemenet vidare i åra som kjem.

Arrangementskomitéen takkar alle deltakarar og funksjonærar for stor innsats i samband med Lindåsmeisterskapen på ski !

Resultat laurdag

Resultat søndag

Les om LM i Strilen side 14  side 15 side 16 og side 17

Les om LM i nh side 22-24

Gåvepremiar trekt på startnummer laurdag:
Tursekk: Susanne Kvamme, Ann Kristin Legernes
Metabo verktøy: Bjørnar Stusdal, Claus Sellevoll
Vennebyen Luer: Filip Alver Sagstad, Emma Kvamme Kalnes
Stormkjøkken: Trond Austrheim
Tursett: Jo-Harald Færø, Elida Svellingen Svendsen
Teaterbilletter til Dyrehagen Hardanger :Mathias Sellevoll,Andrea Thorsheim, Gard Legernes, Martin Kvamme Kalnes, Jørgen Brundtland

Swix dunjakker: Oddny Kvamme og Børge Sellevoll

Gåvepremiar trekt på startnummer søndag :

Middag for 2 på Westland hotel : Trym Sæbø
Turbok : Ola Johannes Jordal, Ludvig Kvamme, Kenneth Alvær
CD :Frank Dyrkolbotn, Martin Kvamme Kalnes, Ragnhild Romarheim

 

 

Nordhordland Skiklubb oppfordrar alle som har gamle ski eller utstyr dei vil låne ut , eller kvitte seg med, til å ta kontakt med Atle Austrheim. Han jobbar med ei ski-utstilling på Leirskulen i samband med Lindåsmeisterskapen 9. – 11. mars

Utstyr kan meldast inn til Atle innan 4. mars.

Kontaktperson: Atle Austrheim: tlf.: 99 15 94 99 , epost: atle@mestersalg.no

Alt gamalt ski-utstyr er av interesse ; frå treskia på tidleg 1900-talet , den gong nordmenn blei diska for ”doping” fordi dei tok ut gebisset før rennet. Juryen meinte at dei då fekk pusta inn meir luft og dermed fekk eit fysisk fortrinn.

ONLINE påmelding Lindåsmeisterskapen

Meir i nh 29 feb…

Heile 175 deltakarar stilte til start i Lindåsmeisterskapen på ski i det praktfulle vintervêret i Dyrkolbotn søndag; – det er det høgste deltakartalet sidan 1987 !

Vi takkar alle samarbeidspartnarar og frivillige for innsatsen under årets LM -og ikkje minst Arvid og Reidar for dei flotte LM-løypene.

Artikkel og resultat i Avisa Nordhordland

Online påmelding er avslutta og oppdaterte STARTLISTER er klare.

Vi minnar om at etterpåmelding kan gjerast i sekreteriatet  på Dyrkolbotn Leirskule i morgon kl.11:00 – 11:45 . For meir informasjon sjå Invitasjon Lindåsmeisterskapen på ski 2011

Vel møtt til skifest i Dyrkolbotn !

DYRKOLBOTN 15.02:

Ei snau veke før Lindåsmeisterskapen på ski kan løypemannskapet i Knarvik IL  tilby flotte treningsforhold i Dyrkolbotn. Tirsdag var Reidar og Arvid i full sving med vedlikehaldet av traséen etter snøfallet  mandag . For dei som ynskjer å teste ski og form, er det berre å haste innover. Løypene blir preparerte dagleg fram til Lindåsmeisterskapen søndag.

LINDÅSMEISTERSKAPEN søndag 20. februar:

Idrett / Type: Ski-langrenn / Lindåsmeisterskapen open for alle !

Stad: Dyrkolbotn

Starttid: Kl 12:00

Varmestove/Kafe: Dyrkolbotn Fjellstove – leirskule og gjestehus tilbyr servering av varm tradisjonell norsk husmannskost under arrangementet.

Påmelding:  Nytt av året er Online påmelding innan fredag 18.feb. kl. 23:59 .                                                   ( Hugs fødselsår + idrettslag i kommentarfelt ! )  Etterpåmelding søndag mellom 11:00 -11:45 på rennkontoret, leirskulen.

Startlister LM

 Værvarsel for Dyrkolbotn 

 

Meir informasjon om arrangementet finn ein ved å klikke på

Invitasjon Lindåsmeisterskapen på ski 2011 

 

LM HISTORIKK:

  • I 1976 tok Ivar Os frå IL Alvidra initiativ til det første store skirennet i kommunen, Lindåsmeisterskapen på ski. Meisterskapet vart avvikla i Dyrkolbotn under blå himmel og godt skiføre.
  • Signhild Dyrkolbotn (Bjørn West) og Atle Fosse (Alvidra) blei dei første lindåsmeisterane i langrenn.
  • Lindåsmeisterskapen er blitt arrangert 33 gongar ( avlyst 1990 og 2002 ).
  • Omlag 1500 deltakarar er registrert  i perioden 1976 – 2010.

For statistikk klikk lenkja LM ADELSKALENDAR

Vi startar lysløypekarusellen på ski første onsdag over nytt år.  Alle som er 10 år og eldre kan delta. Påmelding innan kl 18.30. Start kl 19.00. Første karusellrenn går i klassisk stil. Etter rennet vil vi informere om fellestreningar for barn og ungdom.

Aldersklasser langrenn 2010-2011

Lysløypekarusellen 2011

KONTIGENT: 50 kr. ALDERSGRENSE: 10 år og eldre. PÅMELDING: Innen kl. 18.30.  START: Kl. 19.00

Dato Arrangør Stad Stilart Kommentar
5.jan. Knarvik IL Hopsdal Klassisk  AVLYST
12.jan. Knarvik IL Hopsdal Fristil  
19.jan. Knarvik IL Hopsdal Klassisk  
26.jan. Knarvik IL Hopsdal Fristil  
2. feb. Knarvik IL Hopsdal Klassisk  

[Resultat 2010]

Det blir avslutning med premieutdeling på Hopsdal etter 4. karusellrenn. For å delta i samanlagtcupen må ein ha deltatt i minst tre karusellrenn.

ANDRE LOKALE RENN:

Dato Arrangør Stad Stilart Arrangement
23.jan Eikanger IL Gamlesætra   Guldbrandsøy Skicup
6.feb Eikanger IL Gamlesætra   Guldbrandsøy Skicup
20.feb Nh Skiklubb   Fristil Lindåsmeisterskapet
6.mars Nh Skiklubb   Klassisk (20km) Strilarennet(turrenn )
13.mars Eikanger IL Gamlesætra   Guldbrandsøy Skicup
27.mars Eikanger IL Gamlesætra   Guldbrandsøy Skicup

 

 

 

 

 

 

 

  •  I tillegg skipar Seim og Alvidra til 1 lørdagsrenn kvar.

MRK : Snø og løypeforhold kan føre til endringar !  

Lindåsmeisterskapen 2011

Resultat skirenn:

LANDSRENN 2011:
KRETSRENN 2011:
GULDBRANDSØY SKICUP 2011:

SKICUP 2012

LYSLØPEKARUSELLEN 2011:
LYSLØYPEKARUSELLEN 2010:
LINDÅSMEISTERSKAPEN:
STRILARENNET:
KöNIG LUDWIG LAUF, TYSKLAND:
VASALOPPET:
BIRKEBEINERRENNET:
SKARVERENNET: