Månadens profil i mai 2013

Namn: Martin Kvamme Kalnes
Alder: 14 år

Yrke: Skuleelev ved Knarvik Ungdomskule

Kortid begynte du med langrenn? Eg fekk mine første langrennski  då eg var 2 år gamal.

Kvifor driv du med langrenn ? Det er gøy og utfordrande, og så får ein den gode følelsen når ein har klart noko nytt med langrenn. Og så er det kjekt å slå bestefar (Ludvig Kvamme red.anm.)

Kva er høgdepunktet i din skikarriere så langt ? Ørnarstafetten i fjor med Jonas (Dalland) og Knut Eirik (Kolstad). Eg fekk ikkje lov å gå Ørnarstafetten i år fordi eg hadde knekt armen.

Kva er di beste oppleving i idrettssamanheng? Må vera kongemålet eg scora i ein av dei første fotballkampane mine. Eg traff tverrleggaren frå midtbana. Ballen slo ned i bakken mellom henda til keeper, og så opp igjen i tverrleggaren, og inn i goalen.

Driv du med nokre andre idrettar enn fotball og langrenn? Ja, eg driv i tillegg med sykling, og så skal eg snart begynna på klatring. Tidlegare spelte eg også volleyball.

Kor mykje trener du akkurat no ? 5 gongar i veka. 3 dagar fotball , 1 dag sykling og 1 dag med jogging.

Har du nokre langrennsmålsetjingar som du jobbar mot? Målet mitt er å slå Jonas Dalland.

Kva langrennsutøvar ser du mest opp til, og kvifor? Eldar Rønning fordi han har familie, og så er han ein av verdens beste langrennsutøvarar, ikkje minst i klassisk.

Kven er din favorittskiløpar?  Claus Sellevoll og Petter Northug Jr.

Verste konkurrent ? Jonas Dalland. Målet mitt er å slå han til neste sesong.

Beste konkurrent ? Bestefaren min Ludvig Kvamme. Han slår eg alltid.

 

Utanfor løypa

Favorittmat og drikke? Det må nok bli graut og melk.

Kva slags musikk liker du? Eg liker best pop.

Kva er din favorittfilm? Bad Boys1 og Bad Boys2.

Kvar er ditt yndlingsferiestad? I Thailand var det nesten ikkje folk ,og vi kunne kjøra moped.

Kor er du om 10 år? Då har eg hus på Voss og er utdanna politi.

Korleis ser draumedama ut?  Ho er lågare enn meg, har blondt hår og blåe auger. Og så ser ho bra ut i skidress.

Kva for ei dame ville du tatt med til ei aude øy ? Ei som har sans for humor og som tåler ein spøk. Ho må ikkje vere redd for å smaka på rare ting, og så må ho ikkje klaga.

Kva for ein mann ville du tatt med til ei aude øy? Ein som har kreativitet og humor, og som ikkje klagar.

Kva realityserie kunne du tenkt deg å vera med på? Eg ville vore med på Farmen for der får ein oppleva korleis folket levde i gamle dagar.

Brukar du internett mykje? Ja, eg bruker nettet til heimelekse, eller når eg kjedar meg.

Kva er favorittsida di på nett? Det er facebook. Eg er alltid inne på facebook.

Kva frivillig organisasjon ville du helst gitt 100.000 kroner til? Nordhordland Skiklubb. Eg vil at skiklubben skal ha treningsleirar for dei med talent sånn at dei kan ha treningsutstyr som ski, rulleski og staver til alle.

10 kjappe

Teater eller kino ? – Kino
Fisk eller kjøtt? – Kjøtt
Rhodos eller Gamlesætra? – Rhodos
Isbad eller boblebad? – Boblebad
Rock eller Country? – Rock
Mjølk eller juice? – Melk
Vatn eller brus? – Vatn
Utsjånad eller personlegdom? – Personlighet
Katt eller hund? – Hund
60 m eller 10 km ? – 10 km

Det er mange lovande skiløparar i distriktet vårt. Kvar månad vil skiklubben presentera ”Månadens profil ”  der me får bli litt betre kjend med våre mest aktive medlemmer.