Kategoriarkiv: Snø og løypeforhold

Nytt år og nye løyper

Flotte forhold på Gamlesætra gjorde at fleire fekk glede av skituren 1. nyttårsdag. Gunnar Stusdal hadde sytt for prepareringa og kunne by skivenner på glitrande langrennsløyper. Som kjend er traséen på Gamlesætra forholdsvis hard, men alle var skjønt einige om at den gjorde godt mot ribbefeittet etter late juledagar.

Klassikarane måtte ty til raudt klister (Rossa Special og Swix KR 60 ). Men utpå ettermiddagen fraus det på og glaserte spor krevde meir slitesterk smurning. Men for skistavar og stavtak derimot, blei det berre endå betre då kvikksølvet kraup under null.

Vi ynskjer alle skivenner godt nytt år og vel møtt i løypene !

LØYPEAVGIFT HOPSDAL

 

Det kostar å halde lys og løyper opne. Skigruppa til Knarvik IL legg ned eit stort arbeid for at skifolket i distriktet skal få optimale løypeforhold på Hopsdal .

Vi oppmodar alle til å betale løypeavgifta !

LØYPEAVGIFT

pr. person : kr. 10 ,- pr. dag

pr. familie : kr. 20,- pr. dag

pr. person / familie: kr 150,- pr. år

 

BETAL:

Dagsavgifta i KASSEN

Årsavgifta kan betalast til Knarvik Idrettslag på kontonummer: 6529.10.08431

 Innbetalingsblankettar vil ein også finna i kassen.

Preparerte løyper på Gamlesætra

GAMLESÆTRA: Det er nok snø til å spenne på seg skiene i lysløypa på Gamlesætra. Steinar trekte opp spor i dag og melder om fine forhold. Løypa skal no vere preparert både for klassisk og fristil.

HOPSDAL: Skigruppa til Knarvik IL køyrde 5 rundar med snøscooter  i lysløypa på Hopsdal lørdag. Det er dessverre ikkje nok snø for skigåing, melder Knarvik IL.