NHSK

 

 

 

 

 

 

Inviterer til treningssamling

Geilo (Øen Camping)

22-24 November 2013

 

 

  • Alle medlemmer av Nordhordland Skiklubb er velkommen til å delta.
  • Barn under 12 år. må reise sammen med en voksen.
  • Barn over 12 år kan delta alene
  • Foreldre, familie og søsken er også velkommen

 

  • Vi har reservert:

–  Bestemorhuset http://oenturist.no/boenheter/bestemorhuset/

–  Gammohuset http://oenturist.no/boenheter/gommohuset/

 

Sengetøy og håndkler tas med eller leies på Øen av hver enkelt.

 

Vi kjøper inn mat som tilberedes i husene. De voksne som deltar må påregne å delta i kjøkkentjeneste.

 

Vi har som mål å avvikle fire økter på ski. En kort økt fredag kveld, to økter lørdag og en økt på søndag. Detaljert program med tidspunkt. stilart m.m. sendes ut i uken før a vreise.

 

Pris for deltagelse:

 

Barn 0-9 år:               kr. 250

Barn 10-18 år:          kr. 350

18 år +:                     kr. 700

 

Prisen inkluderer overnatting og mat for hele helgen. Transport vil komme i tillegg. Vi vil forsøke å fylle opp ledige plasser i bilene til de som kjører. Har også reservert gruppereise på tog. Pris T/R tog er kr. 290,- for barn og kr. 581,- for voksne.

 

Påmelding innen onsdag 6. november. Sendes til tormodv@hotmail.com

Oppgi navn, alder og reisemåte for alle deltagere.

 

Vi vil i forkant av samlingen sende ut bekreftelse med kontonummer, beløp og betalingsfrist for innbetaling av egenandel til alle som er meldt på.

 

Vi gleder oss til å få snø under skiene.

Vel møtt til samling!

Hei folkens!

Det er på tide å starta opp fellestrening igjen. Me vil ha 2 faste dagar og så kan vi ta fleire treningar saman f.eks i helgene etter avtale veke for veke.

TIRSDAG , 19.30 – 21.00, LØPING,  oppmøte Knarvik stadion.

Oppvarming, langintervall i terskelfart (3 eller 4×8 minutt) sept. – nov. og bakkeintervall. TA MED STAVER.

TORSDAG , 19.30 – 21.00, RULLESKI, oppmøte p.plass Flatøy.

Oppvarming, langintervall, stakeintervall (bakke) og hurtighet.

Første trening blir TIRSDAG 10. SEPTEMBER.

 

RULLESKIKARRUSELL

Også i år vil me arrangera 4 renn på rulleski. Valgfri stilart. Samme løype som før, Holme – Meland (Grågotna).

1. renn 12.september KL 18.30, ANSVAR : ALVIDRA

2. renn 26.september KL 18.30 ANSVAR : EIKANGER

3. renn  10. oktober    KL 18.00 ANSVAR : KVERNBIT

4. renn   24. oktober   KL 18.00 ANSVAR : KNARVIK

TURRENN SØNDAG 27. OKTOBER KL 10.00 , ANSVAR : ALVIDRA M.FL.

 

VEL MØTT TIL TRENING OG SOSIAL SAMANKOMST !!!

Me stilte mannsterke på kveldens fellestrening. I flott vintervêr,utrusta med hovudlykter, ski og stavar, møttes me på golfbana i Meland. Første delen av økta gjekk med til roleg skigåing. Deretter knalla me til med ein 4 x 3,75 km stafett.

God innsats og blide skiløparar i løypene på Meland !

RESULTAT

4 x 3,75 km  Stafett

Lag 1 1.etappe 2.etappe 3.etappe 4.etappe Totalt
Trond A.  11.17  11:17
Rune M.  12.27  23:44
Magne F.  12.57  36:41
Atle A.  11.33  48.14

 

Lag 2 1.etappe 2.etappe 3.etappe 4.etappe Totalt
Espen A.  13.00  13:00
Claus S.  9.21  22:21
Steinar M.  12.37  34:58
Torbjørn A.  14.26  49:24

Alvidra hadde fleire som deltok på første del av T1-kurset i langrenn. Adm.sjef i Hordland Skikrets Petter Ekran melder om engasjerte kursdeltakarar, noko som lover godt for rekrutteringa.

Meir på NSF sine heimesider…

Skitreninga til Alvidrarekruttane i går var fartfylt med masse leik og moro. Treninga fann stad på parkeringsplassen og i det opplyste området rundt Kyrkjelydhuset i Alversund. Dette var den andre treninga på rulleskøyter og det var ikkje vanskeleg å sjå at dei var blitt tryggare og betre i skøytedansen.

Etter teknikktrening og ulike øvelsar blei økta avslutta med ”hauk og due”. Her måtte  instruktørane fleire gongar finna seg i å bli finta på feil fot av dei fotrappe skøytarane.

Førstkommande tirsdag samlast vi til ny fellestrening igjen,  då innandørs med styrketrening og ballspel i den vetle gymsalen på Alversund Skule.

Skigruppa i Alvidra ynskjer nye deltakarar hjarteleg velkommen !

For meir info; klikk her

På den første skitreninga til Alvidra i går kveld møtte det fem gutar. Gutane imponerte med stor iver og innsats. Me hadde først lett oppvarming med ballspel før me gjekk laus på sirkeltreninga med ulike styrke, spenst og balanseøvingar.

Ettekvart vil me også prøva å få til endå meir spesifikk barmarkstrening utandørs, mellom anna med skistavar og rollerblades.

Me ønskjer alle som kan tenkja seg å gå på ski velkommen, uansette kva ferdigheitar du måtte ha!

Treningar

Me trenar kvar tirsdag fra 18.30 – 19.30 i den vetle gymsalen på Alversund
skule.

Sjå vår heimeside alvidra.no

03
jan
stored in: Treninger, Ymse

Hei ! Trening i dag. Det snør ! Me satser på at det går an å gå på Hopsdal i kveld, kl 19.30.

A.A

14
okt

Rulleski (klassisk) 6x3min intervall:Kjøleg haustkveld, men tørr vegbane og gode forhold for rulleskitrening. Vi starta økta med 30 min oppvarming langs Lonsvegen. Deretter trilla vi ned til ferjekaien på Knarvik for hardøkt i lett motbakke. Vi var opptatt av at farten skulle vere relativ lik på alle intervallane og samtlege fekk derfor til brukbare avslutningar på draga. Kortare pausar (raskare nedkjøring) gjorde oss dessutan meir effektive idag målt mot forrige torsdag. Etter bakkedraga luffa vi oppatt i Lonsvegen der vi avslutta fellesøkta med klassisk teknikktrening u/stavar.

Måling tid/puls stakedrag slak motebakke:

CS 1                      2,20 min            hf  max 178
Pause (kjøre ned til start):  2,10 min          hf snitt 132
CS 2                      2,23 min            hf  max 181
Pause (kjøre ned til start):  1,50 min         hf snitt 154        
CS 3                      2,26 min            hf  max 184
Pause (kjøre ned til start):  1,43 min          hf snitt 159
CS 4                      2,27 min            hf  max 186
Pause (kjøre ned til start):  1,39 min          hf snitt 164
CS 5                      2,26 min            hf  max 188
Pause (kjøre ned til start):  1,43 min          hf snitt 165
CS 6                      2,24 min            hf  max 190
 
14
okt

Hei alle
Trening i dag på rulleski. Oppvarming/teknikk på Lonsvegen før me tar turen ned til Knarvik kai og intervall derifrå og oppover. Husk HODELYKT,HJELM OG REFLEKSVEST !!
Sjekk rulleski og stavar, ta med ekstra pigg.
Oppmøte 19.30 på park.plass ved Knarvik U.skule. PRESIS !

Fire plussgrader, sol frå klar himmel og hardpakka asfalt er status då vi spenner på oss rulleskia i Støa. Ryggsekkar er fylt med saftdrikke, mat og eit aldri så lite lager av rulleskipiggar. Alt er klart. Vi er i gang på jomfruturen vår, Nordhordland rundt på rulleski, 84 km i klassisk stil.

Allereie i Alverstraumen piplar sveitten salt frå panna og vi kjenner vi kunne hatt færre plagg på oss. Det er lite trafikk og vi går to i breidda og lauspratar før Oddvar plutseleg tilstår at han eigentleg hadde tenkt å gå denne turen åleine , ja for å kunne smykke seg med tittelen ”den første ”. Eg erkjenner at eg hadde ein sterk mistanke om denne halvegoistiske planen hans, og at det var derfor eg i rein panikk sendte han den sjenerøse sms-invitasjonen igår, med spørsmål om han ville vere med meg. Samtalen stoppar der. Første rulleskipigg ryk og fokuset er næraste autovern . Vi stappar skistaven inn i eit lite hål i gjerdet og riv av den defekte piggen. Seinare konstaterer vi at turen kostar oss fire piggar, og vitsar om at det truleg er fleire enn ei årleg lagerbehaldning til ein gjennomsnittleg sportshandlar i Bergen.

I Mastrevikane er energilageret redusert med snaue 2000 kaloriar og vi innvilgar oss derfor ein ståande buffé. Klokka er 11.45 , 2 timar og 35 minutt er unnagjort og vi er omtrent halvvegs . Lett medvind hjelper oss vidare forbi Fonnes der vi vekslar mellom staking og dobbelttak med fråspark. Pulsen ligg på rundt 130 og vi slår fast at vi er i den rette sona for optimal langdistansetrening.

Tungtrafikken kjem imot oss. Vi skimtar skiltet ”Knarvik 38 km ”, og konstaterer at vi er på veg ut av Austrheim kommune. På Lindås langar vi innpå siste restane av sjokolade og saftdrikke . Kjapp hovudrekning fører oss fram til at vi har halvannen time igjen av turen.

Det brenn i låra. Det er slitsamt å sitje i hocke . Klokka er 14.35 og ein brå slutt på fortauet tvingar oss ut i biltrafikken etter rundkøyringa på Isdal . Ein bilist er usedvanleg nærgåande og i ei blanding av irritasjon og nødmanøver for å unngå autovernet, let eg eine skistaven smelle inn i spegelen hans. – Takk for oppmerksomheten !  Vel nede svingar vi inn på parkeringsplassen lettare utmatta. Vi er slitne, men gleda over ein praktfull rulleskitur rundt Nordhordland i strålande haustvær overskyggar det meste. Dei 84 kilometerane er tilbakelagt på 5 timar og 36 minuttar inkludert pausar.

Vi konkluderar med at den første turen er over, den siste ikkje påbegynt.