12
okt

Vi stilte mannsterke på gårsdagens fellestrening. Utrusta med hovudlykter, refleks og skistavar bar det rett til skogs. Økta starta frå Knarvik Stadion gjennom terrenget og ned til Gjervik kai. Der køyrde vi 3 x 4 min bakkeintervallar opp til Indregardsfjellet. Nokre av oss avslutta økta med 4×150 meter elghufs i Brekkeløypa, medan resten av gjengen sprang ned til øvre Isdal før dei peiste på med nye drag oppover og tilbake mot Knarvik Stadion.

Oppmøte som innsats; meget bra !

11
okt

Hei alle
 
I dag er det trening . Ta med stavar, hodelykt og refleksvest. Planen er å springe til Gjervik kai og ha intervall oppover mot Indregardsfjellet, spring så ned til øvre Isdal gjennom skogen, intervall oppatt, tilbake til Stadion.
Dei som vil bruke staver tar med dei.

08
okt

Bra oppmøte på gårsdagens rulleskiøkt . Vi starta med 30minutt oppvarming på Lonsvegen før vi sette kurs mot Knarvik kai og bilfri veg. Der gjennomførte vi 5 intervalldrag frå ferjelemmen og opp til Hagelsundbrua . God innsats og mange blide fjes. Vel møtt til ny fellestrening mandag !

05
okt
Fellestrening torsdag 7 okt. Oppmøte Knarvik Stadion kl 19.30.
Kenneth tar ansvar for treninga.
Det blir rulleski; oppvarming og teknikk på gangveg etter Lonsvegen,  deretter intervall frå Knarvik kai og oppover.

På mandag var vi 11  på trening. Veldig bra !