Ostringane Helge Brandsdal og Frode Langhelle og brødrene Børge og Claus Sellevoll frå Nordhordland Skiklubb,reiste saman til Sverige for å gå Vasaloppet søndag. Alle fire gjorde svært gode skirenn. Frode Langhelle som går i klasse H45 deltok i Vasaloppet for første gong, og gjekk inn til den sterke tida 4 timar, 54 minutt og 33 sekund. Om Langhelle var fersking i Vasaloppet søndag, er han på ingen måte framand med langrennsporten. Langhelle er som mange andre ostringar ein svært habil skiløpar, og har sterke 3 timar og 5 minutt som bestenotering i Birken, satt i 2012. Den andre førstereisguten Børge Sellevoll (H35) er kanskje mest kjend for sine idrettsprestasjonar på fotballbana, men fekk i helga vist at han også kan gå fort på ski. Børge gjekk dei 90 kilometerane frå Sälen til Mora på 5 timar, 30 minutt og 42 sekund. Ikkje verst av fotballpelaren frå Nordhordland ballklubb. Helge Brandsdal (H40) er busett austpå, og den av kvartetten med flest deltakingar i Vasaloppet. Med staking som sin spesialitet,viste 41-åringen at han meistrar langrenn i flate løyper. Brandsdal pigga seg gjennom dei svenske skogane på sterke 4 timar, 33 minutt og 53 sekund, ei tid som held til 243.plass mellom dei nær 16 000 deltakarane. Best av strilane blei likevel Claus Sellevoll (H40). Iført heilskjegg og svensk landslagsdrakt frå 1984, fekk han merksemd frå publiken som ropte «Thomas Wassberg» etter han, den svenske skilegenda frå 70 og 80-åra. Claus Sellevoll låg lenge an til ei plassering mellom dei 80-100 beste, men enda til slutt på 121. plass på tida 4.21.01. Jørgen Aukland vann det tradisjonsrike langløpet i Sverige på 3 timar, 50 minutt og 48 sekund.

Det kjem reportasjar i lokalavisene tirsdag og onsdag der også dei andre lokale deltakarane som deltok i årets utgåve av Vasaloppet vil bli presentert med resultat.

Strilen

Nh

Langrenn.com

Førehandsomtale nh

 

 

Vidar Tistel, Risnes IL og Claus Sellevoll , Nh Skiklubb står begge på startstreken når det 90 km lange Vasaloppet går av stabelen 4. mars 2012.
Dei melder om strålande sol og flotte løyper etter å ha testet ski og smurning dagen før dagen.

Vinden har gjort at bark, furunåler og granbar har blåst inn i skiløypene. Mykje «bøss» i sporet heng saman med at det dei siste døgera har vore vindfullt i traktene mellom Sälen og Mora. På dagtid har det vore målt 10 varmegrader enkelte stader . Og sporsetjing i ”slush” med nattefrost ned mot 15 kuldegrader gjev ganske enkelte steinharde skispor. Me ynskjer dei begge lukke til og kjem tilbake med fyldigare rapport og resultatlister etter rennet

PS !

Claus «Wassberg» har fått startnummer 100 og har klokketru på at det skal gi han gratis mat og drikke !

Rekordtiden i Vasaloppet er på 3 timer 38 minutter og 57 sekund, satt av Peter Göransson i 1998.

Åsane Tidende Side 68  og Åsane Tidende Side 69        ÅT

Les om Vasaloppet i nh  …. og Strilen

Sjå Vasaloppet 2012