Kategoriarkiv: Ymse

Presentasjon klubbdressar

Her kjem eit utval av langrennsdressar basert på våre klubbfargar. Klubbkolleksjon hos Swix blir produsert etter bestilling med minsteordre på 20 stk. Fargar som blir nytta i designet og logoane vil bli integrert inn i tekstilfibrane. Bruk gjerne «kommentar» eller » forum » og diskuter modell/design.  Langrennsdressane under er berre forslag. Det fins fleire produkt og designmalar å velge mellom.  Vi kan leike oss med modellar og fargar til vi kjem fram til det som passer oss.

 

Nordhordland rundt på rulleski

Fire plussgrader, sol frå klar himmel og hardpakka asfalt er status då vi spenner på oss rulleskia i Støa. Ryggsekkar er fylt med saftdrikke, mat og eit aldri så lite lager av rulleskipiggar. Alt er klart. Vi er i gang på jomfruturen vår, Nordhordland rundt på rulleski, 84 km i klassisk stil.

Allereie i Alverstraumen piplar sveitten salt frå panna og vi kjenner vi kunne hatt færre plagg på oss. Det er lite trafikk og vi går to i breidda og lauspratar før Oddvar plutseleg tilstår at han eigentleg hadde tenkt å gå denne turen åleine , ja for å kunne smykke seg med tittelen ”den første ”. Eg erkjenner at eg hadde ein sterk mistanke om denne halvegoistiske planen hans, og at det var derfor eg i rein panikk sendte han den sjenerøse sms-invitasjonen igår, med spørsmål om han ville vere med meg. Samtalen stoppar der. Første rulleskipigg ryk og fokuset er næraste autovern . Vi stappar skistaven inn i eit lite hål i gjerdet og riv av den defekte piggen. Seinare konstaterer vi at turen kostar oss fire piggar, og vitsar om at det truleg er fleire enn ei årleg lagerbehaldning til ein gjennomsnittleg sportshandlar i Bergen.

I Mastrevikane er energilageret redusert med snaue 2000 kaloriar og vi innvilgar oss derfor ein ståande buffé. Klokka er 11.45 , 2 timar og 35 minutt er unnagjort og vi er omtrent halvvegs . Lett medvind hjelper oss vidare forbi Fonnes der vi vekslar mellom staking og dobbelttak med fråspark. Pulsen ligg på rundt 130 og vi slår fast at vi er i den rette sona for optimal langdistansetrening.

Tungtrafikken kjem imot oss. Vi skimtar skiltet ”Knarvik 38 km ”, og konstaterer at vi er på veg ut av Austrheim kommune. På Lindås langar vi innpå siste restane av sjokolade og saftdrikke . Kjapp hovudrekning fører oss fram til at vi har halvannen time igjen av turen.

Det brenn i låra. Det er slitsamt å sitje i hocke . Klokka er 14.35 og ein brå slutt på fortauet tvingar oss ut i biltrafikken etter rundkøyringa på Isdal . Ein bilist er usedvanleg nærgåande og i ei blanding av irritasjon og nødmanøver for å unngå autovernet, let eg eine skistaven smelle inn i spegelen hans. – Takk for oppmerksomheten !  Vel nede svingar vi inn på parkeringsplassen lettare utmatta. Vi er slitne, men gleda over ein praktfull rulleskitur rundt Nordhordland i strålande haustvær overskyggar det meste. Dei 84 kilometerane er tilbakelagt på 5 timar og 36 minuttar inkludert pausar.

Vi konkluderar med at den første turen er over, den siste ikkje påbegynt.

Lys i mørket

Vi stilte mannsterke på gårsdagens fellestrening. Utrusta med hovudlykter, refleks og skistavar bar det rett til skogs. Økta starta frå Knarvik Stadion gjennom terrenget og ned til Gjervik kai. Der køyrde vi 3 x 4 min bakkeintervallar opp til Indregardsfjellet. Nokre av oss avslutta økta med 4×150 meter elghufs i Brekkeløypa, medan resten av gjengen sprang ned til øvre Isdal før dei peiste på med nye drag oppover og tilbake mot Knarvik Stadion.

Oppmøte som innsats; meget bra !

Treningsrapport

Bra oppmøte på gårsdagens rulleskiøkt . Vi starta med 30minutt oppvarming på Lonsvegen før vi sette kurs mot Knarvik kai og bilfri veg. Der gjennomførte vi 5 intervalldrag frå ferjelemmen og opp til Hagelsundbrua . God innsats og mange blide fjes. Vel møtt til ny fellestrening mandag !

Utbetring av lysløypa

 

Tirsdag var Oddvar, Kenneth og Claus på synfaring i lysløypa på Hopsdal. Løypa treng i første omgang grøftast og planerast slik at ein kan gå «tørrskodd » på ski til vinteren. Det vil bli presentert forslag til utbetringar for grunneigarar. Dersom dei stiller seg positive, startar arbeidet i løpet av hausten.